Lita skrift

Vater

Publisert

– Sånn, no er han i vater. Stram til!

Etter å ha fantasert om å få høner i ti år, har eg endeleg fått meg ein åker. Før eg sette potetene og løken i jorda, måtte eit gjerde setjast opp for å halde sauane ute.

Fyrst brukte me ein borhammar for å laga ni hol langs steinmuren der gjerdet skulle gå. Me festa så ni gjerdesko i hola med sement (det skal ufatteleg lite til!) og lét dei tørka i eit døger, før me festa gjerdestolpar i skoa. Med me meiner eg far min og eg, og eg kom vel strengt teke fyrst inn i biletet då stolpane skulle skruast fast.

Jobben min var å syta for at dei stod nokolunde beint, han bora hol gjennom stolpane og festa dei med bolt og gjenge til stolpeskoa.

Til å rettleia meg heldt eg eit vater langs stolpen. Når luftbobla var i midten, gav eg klarsignalet:

– Stolpen er i vater, no kan du stramma.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement