Lita skrift

Våpen

Publisert Sist oppdatert

Hadde hangarskipet frå USA med seg atomvåpen til norsk (f)jord? I debatten på NRK hadde forsvarsministeren inga tru på det, ettersom ingen hadde sagt noko til han om atomvåpen (og ikkje hadde han vel spurt).

Det fekk fram minne frå Australia i 1985, der dei amerikanske krigsskipa USS «John Young» og gamle USS «Buchanan» hadde fått hamn i Sydney. Den australske regjeringa føresette, som den norske no, at skipa ikkje hadde atomvåpen om bord, og spurde ikkje.

I Auckland på New Zealand, derimot, var desse skipa ikkje velkomne i 1985. Den uredde (og urøynde) regjeringa til David Lange kom der til at dei som teier om atomvåpen, truleg har nett det, og New Zealand var imot atomvåpen, på ekte. SS «Buchanan» var såleis ikkje velkomen til hamn der i landet, trass i ANZUS, forsvarsalliansen med USA og Australia, som med det rakna, då USA kontra med at krigsskip frå New Zealand ikkje lenger var velkomne i USA, men det er ei anna historie.

Stemninga var amper i Sydney i det året. Folk i tusental demonstrerte mot atomvåpen, mot ei servil regjering og mot USA og Frankrike, som dreiv prøvesprenging på sakeslause stillehavs­atoll. Det var elles inga klimakrise då (berre ei rivne i ozonlaget), medan president Tsjernenko i/og Sovjet låg fredsælt på det siste (bortsett frå i Afghanistan). Di større var mobiliseringa mot atomvåpen.

Ei einsleg svale, piloten i eit mikrofly, ein motorisert hangglider, gjekk resolutt til åtak på begge dei to krigsskipa frå USA på veg ut frå hamna i Sydney, liksom jaga dei med bomber av gulmåling, til eit helikopter la seg over og pressa mikroflyet i bakken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement