Lita skrift

Vaen

Publisert

Eg måtte smila her for nokre veker sidan då eg opna avisa på side 6 for lesa Lita skrift-spalta og såg at petit-kollegaen min, JH – kva no det skal bety, hadde kalla petiten sin for «Vy!». Det var ikkje det at petiten var særleg til å smila av, men eg hadde nemleg òg tenkt å kalla petiten min for Vy.

I motsetnad til alle andre saker om Vy, deriblant petiten som JH skreiv, hadde eg ikkje tenkt å klaga på dei. Etter det eg forstår av Nytt på nytt og all annan humor med utspring i Oslo, eller folk som skal dit med tog, er det utbreitt å klaga på og vitsa om Vy. Det er mykje å ta dei på. Eg hadde derimot tenkt å klaga på nokon som klaga på Vy.

Eg var i Oslo for nokre år sidan, med fly – og ikkje «Fly for Vy», som eg berre ventar på at ein samtidskomikar skal bruka – for eg skulle vera med i ein paneldebatt om posisjonen til satireteikningar. Ein time før me skulle på scena, fekk arrangøren melding om at samtaleleiaren var forseinka, kanskje han til og med ikkje nådde fram. Det var nemleg stogg i togtrafikken.

– Sjølvsagt, sukka dei andre (austlendingar heile gjengen). Men i siste liten kom han likevel heseblesande inn dørene på Litteraturhuset. Det var på hengande håret tidsmessig, men han fekk likevel tid til å lira av seg nokre ukvemsord om Vy.

Medan han snakka – kanskje meinte eg det for å runda av tralten som me alle, jamvel me som bur vestpå, kan utanåt no – utbraut eg: «Vy vaen!»

Han stoppa opp i eitt sekund, alle i den komande paneldebatten såg kjapt på meg med eit uttrykk eg på augneblinken tolka som: «Laga du lyd no? Det var ikkje du som skulle snakka no. Det er frekt å avbryta eit vakse menneske som nett har hatt trøbbel med Vy.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement