For noko sidan høyrde eg om ei kvinne som aldri gjekk på do heime dei første månadene i eit nytt forhold, men sprang til næraste bensinstasjon og gjorde frå seg der. Omgrepet drit og dra fekk dermed nytt innhald for meg. Eg håper ho i det minste kjøpte med seg noko på veg ut.
Denne trongen til å skjule naturlege lydar og lukter for ein ny kjærast er ikkje uvanleg, men å framstille seg sjølv som lytefri er meiningslaust. Eg veit ikkje om det finst forsking på dette, men eg vil tru at dei fleste kjenner kvarandre ganske godt før dei gurpar og fis eller stikk ein finger i nasen usjenert framfor kjærasten.
Å bu i kollektiv kan by på liknande utfordringar. Eg kjenner ei som budde saman med to andre, med felles do og dusj. Ho er av dei som slit med magen, og kan ikkje berre sitje og vente på tur når naturen kallar.
Då ein av romkameratane aldri kom ut av dusjen, var gode råd dyre. Ho hadde ikkje nubbesjanse til å nå næraste bensinstasjon, men fann fram vaskebøtta og leitte febrilsk etter eit plastnett, men enda opp med ein av dei grøne posane som er meinte for matavfall.
Vel inne på det låste rommet sitt tredde ho posen over bøtta og rakk akkurat å setje seg før eksplosjonen kom. Heldigvis var bøtta så lita – eller rumpa så stor – at lukene var skalka. Dopapir hadde ho heldigvis ståande på rommet, så alt gjekk vel.
Ho knytte att posen og sette han oppå ei gammal avis medan ho opna vindauget for å lufte ut. Sidan ho hadde stinkande avføring i matavfallsposen, kunne ho ikkje hive han i søppelbøtta. Det kunne ho vel ikkje same kva, med «Kun matavfall» stempla på posen?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.