Tvert om
Den gongen eg dreiv i bistandsbransjen, fann eg det perfekte prosjektet for norske støttemidlar. Trudde eg. Det var eit tidsskrift for nyalfabetiserte småbrukarar som sleit med å få endane til å møtast i eit lutfattig land. Bladet heitte Enlace, eit spansk ord for nettverk, og der kunne bønder og bygdefolk lesa interessante reportasjar og få god, gamaldags folkeopplysning, men òg moderne landbrukstips og elles råd om økologi, likestilling, dyrevern og hygiene.
Og, ikkje minst, Enlace var utforma med stor skrift som òg dugde for folk som burde hatt briller, men som ikkje fekk, og som dessutan vanta elektrisk lys. Folket hadde altså lært å lesa, men få andre enn tidsskriftet Enlace hadde kome på å skriva noko som gjorde det umaken verdt. Enlace hadde laus høgremarg, alle liner var delte slik at leserytmen blei optimal, og all tekst såg ut som dikt.
Direktoratet for norsk utviklingshjelp las tilrådinga mi, der eg vel òg slo fast at det er uråd å skapa framgang i noko land utan eit slikt tidsskrift.
Norads stadlege representant måtte diverre seia nei til støttemidlar: Ideen var ikkje berekraftig, han var daudfødd. Målgruppa hadde ikkje og kom aldri til å få råd til å kjøpa bladet til ein pris som reflekterte produksjonskostnadene...
Dermed reiste eg heim – og fekk jobb i Dag og Tid.
At Dag og Tid-lesarane ikkje betalte heile produksjonskostnaden, har ikkje vore til hinder for statleg finansiering her, heldigvis, dei siste 60 åra. I verdas rikaste land var ikkje økonomisk berekraft noko imperativ. Her er det tvert om!
Det er dei nye tildelingane frå Medietilsynet som minner meg på historia om tidsskriftet Enlace, som fekk koma ut i fire år, før Nicaragua graviterte attende til eineveldet og bøndene der til einfaldet. Dag og Tid fekk førre veke redusert statsstøtta med 4,5 prosent (til 5.656.5269 kroner), på same tid som den argaste konkurrenten vår fekk dobla statstilskotet (til 22.435.922 kroner).
Det gjer Dag og Tid til vinnaren – av NM i økonomisk berekraft, om ikkje anna. Då skal dei fattige ha takk.
Jox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.