JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Tilfeldig

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1919
20230915
1919
20230915

Det er laurdag 27. august 2022, eg vaknar til nyhenda om at skodespelar Espen Skjønberg døydde i går. Eldre lesarar kjende han nok best frå teaterscena og norsk film, men eg, og mange frå generasjonen min, kjente han utvilsamt best som Haakon Frydenlund i Familiesagaen De syv søstre som gjekk på TV 2 frå 1996 til 2000, med ein kjenningsmelodi eg framleis nynnar på når eg er i laurdagskveldmodus.

Haakon er gift med Nelly (spela av Mona Hofland, som òg var kona hans på ekte), saman har dei sonen Trygve som er gift med Silje, som igjen er foreldra til Steinar og Tonje. Trygve ligg i koma store delar av serien, heilt til han, idet han skal til å vakna, vert kvelt med ei hovudpute av Walter, sonen Nelly har frå krigsåra.

Familien Frydenlund var ein av kjernefamiliane me møtte i familiesagaen. Ein annan var familien Birkeland, med homofobe, seinare homofile, Frode som far og fitnessdronning og tidlegare frøken Noreg, Billeba, som mor. Borna deira, Atle og Gry, var høvesvis kjærestar med Frydelundane Steinar og Tonje.

Så, tilbake til 27. august 2022. Eg har nett lese nyhenda om at Haakon er død, når eg køyrer til butikken. Eg går inn, finn det eg skal ha og går mot den sjølvbetente kassa, skannar varer og coopmedlemskapet, betalar og går til sides, gjev plass til nestemann i køen. Eg kvepp til når eg møter blikket til dama bak meg, som nikkar smilande før ho skannar inn appelsinisen sin. Det er Gry. Gry Birkeland! Eller Stine Indrelid, som ho eigentleg heiter! Kjærasten til Steinar (faktisk var dei ei tid kjærestar på ekte òg, nett som Espen og Mona), ho som alt før fyrste episode var valdteken av vonde Bjarte, vart gravid og fekk jenta Madonna, oppkalla etter Madonna, som Steinar tok til seg som si eiga!

Eg har ikkje tenkt på verken Haakon eller Gry på lenge, men så kjem dei inn i føremiddagen min, begge to, på kvar sine måtar.

Livet er fullt av tilfeldige opplevingar.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis