Lita skrift

TikTok

Publisert

Som den opplyste lesar har fått med seg, har staten gjeve kinesiske TikTok 150 MW av kapasiteten i straumnettet i Innlandet. Dette har i sin tur ført til at våpenprodusenten Nammo på Raufoss ikkje får nok straum til å utvida produksjonslina for artilleriammunisjon – ammunisjon som i sin tur skulle gå til mellom anna regjeringa i Ukraina. Konsernsjefen i Nammo har bede regjeringa velja mellom våpen til Ukraina og kattevideoar.

TikTok er ikkje på langt nær så negativt som det kan høyrest ut som. Dag og Tid – nei, vi kan ikkje gje opp kjelda – har fått tak i eit lydbandopptak frå ein telefonsamtale mellom Vladimir Putin og ein produksjonsansvarleg EDB-tilsette i eit regionalt våpenselskap. Karen Putin snakkar med, heiter Jonasevitsj Gahrstorontovitsj.

Putin: – Gode Jonasevitsj. Det syner seg at vi er åt å gå tomme for langtrekkande stridsvognsgranatar.

– Det var dumt. Er du nøgd med dei vi har produsert for deg?

– Jau, eg er særs nøgd. Eg høyrer berre godt nytt om granatane. Dei når minst 30 meter.

– Det var kjekt å høyra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement