Det er noko eg lurer veldig på, men som alt anna eg lurer veldig på, gjeld det berre nett når eg treng å vita svaret. I kvardagen lurer eg ikkje på det, men så snart eg står i situasjonen, som eg plar gjera etter eg har gått av toget og vore i Oslo i 15 sekund, melder spørsmålet seg: Korleis skal eg forhalda meg til tiggarar?
Kva er det rette å gjera når eg passerer dama som sit på gangfeltet, inntil veggen, smiler bedande og seier «Heeeei. Heeeei» med lang e-lyd?
Eg smiler tilbake, nikkar og seier «hei, hei!», som om me er likestilte og har same status i samfunnet.
Det gjev ikkje dama noko av det ho eigentleg vil ha, som er pengar, men det gjev meg kjensla av å vera litt varmare enn dei som går forbi utan å smila og seia hei. Kva føretrekkjer kvinna sjølv? Er det betre å bli sett eller oversett, når utfallet uansett er det same, altså ingen pengar? Eit smil kan du som kjent ikkje putta i lomma.
Eg vil tru folk som er i Oslo kvar dag, som ser tiggarar dagleg som ein naturleg del av bybiletet, dei har ei enklare innstilling til dette enn eg har. Det er kanskje slik eg har det med sauane utanfor? Dei er der heile tida, eg legg ikkje alltid merke til dei, men når me har gjestar med born, vil dei ut til sauane, stira på dei, mata dei.
Likt har det vore når borna mine er i byen og ser tiggarar. Dei har stoppa opp og stirer på dei. Eg har kanskje gjeve guten ein mynt han kan få lov til å leggja i koppen til tiggaren, det er slikt born likar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.