Tannkost
Eg er god på å ta vare på ting, ikkje kasta dei, men finna ein grunn til å ha dei vidare. Det er ikkje berre ein god eigenskap.
Lenge hadde eg ståande eit par støvlar etter bestefar min. Dei var heile og fine, eg såg føre meg den eldre mannen trø oppi dei og gå ut for å stabla ved. Sjølv om bestefar hadde vore død i årevis, såg ikkje støvlane ein dag eldre ut. Men dei passa ikkje nokon i huset, og eg ville ikkje gje dei vekk til kven som helst. Difor vart eg så glad då Tormod kom på besøk og det byrja å regna. For trur du ikkje han hadde gløymt støvlane sine heime, og hadde nøyaktig same storleik som bestefar?
– Du kan få desse støvlane, sa eg.
Jo, takk, det ville Tormod.
– Men eg har jo støvlar heime, så eg treng ikkje ta dei med. Er det greitt om eg eig dei, men har dei ståande her? spurde han.
Han drog heim, og støvlane vart ståande att. Dette er ti år sidan no, og her har dei stått sidan. Kvar gong Tormod er på besøk, ser han etter støvlane sine, og eg viser Tormod tolmod.
Men éin ting har eg god kastekontroll på.
Same kven du er, kor du kjem frå, kva du tener, kvar du bur, kva trussamfunn du sver til og kva sosial rang du menger deg med, så kjem du til eit punkt der du skal få deg ny tannkost og må ta ei avgjerd om kva du skal gjera med den gamle. Kastar du han?
Eller gjer du som eg, legg han vekk for å bruka han som ein liten vaskebørste i og rundt slukar, i tronge røyr eller i samband med reingjering av toalettet?
Ordet vasslås kjem med ei vond lukt, eg beklagar det, men når vasslåsen under vasken er tett og lyt tømmast, er tannkosten suveren. Innimellom brekkinga kammar eg ut hår og støv som i ein gråbrun såpemiks har tetta att røyret under vasken.
I skrivande stund har eg fjorten tannkostar i ein brødpose klare for vask. Ein tannkost er ikkje oppbrukt før eg har brukt han til anna enn tannpuss. Fyrst då går han i boset.
Clementine
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.