Lita skrift

Talmagi

Publisert

Eg vaknar brått, kjenner meg lys vaken, ser på klokka. Ho er 05.09, alarmen går ikkje før 06.50, så eg legg telefonen ned att på golvet og hovudet attende på puta.

05.09. Eg kan ikkje hugsa å ha sett dette klokkeslettet før. I løpet av mine over 35 år på jorda, har klokka vore 05.09 heile 13.043 gongar, men eg har aldri sett det før no.

Eit klokkeslett eg derimot ofte treffer på når eg tilfeldigvis ser på telefonen, er 11.04. Kanskje er det fordi eg byrjar å verta lunsjsvolten på denne tida? Uansett, då tenkjer eg på Bjørnar, ein ven frå ungdomsåra. Han har bursdag 11.04., og telefonnummeret heim til han enda på 1104.

Telefonnummeret heim til meg enda på 1452. Det gjorde at eg alltid visste kva år Leonardo da Vinci var fødd, eit typisk quizspørsmål: Sei eit år Leonardo da Vinci levde.

I tenåra hadde eg eit spesielt, på grensa til sjukeleg, forhold til klokka. Det var to klokkeslett eg helst ville sjå i løpet av ein dag, og det på fjernsynet, der timar, minutt og sekund viste oppe til høgre når ein trykte på klokkeknappen. Dette var klokkesletta 15.55.55 og 22.22.22. Fekk eg sett desse, kunne eg pusta letta ut. Tysdagane fall klokkeseansen om kvelden mot slutten av Venner for livet på TV 2.

Eg kan ikkje hugsa kva tid eg slutta med dette klokkeopphenget, men det var iallfall ikkje eit sekund for tidleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement