Eg har vore negativ igjen. Her om dagen kom om lag 30 tilårskomne og ikkje nett undervektige nederlendarar syklande forbi huset mitt på Urke. Eg var ute i hagen, og karane hadde eit i og for seg godt tempo. Brått la ein av dei merke til at det var butikk i grannehuset mitt. Han ropte nokre uforståelege ord. Alle stogga, og dei byrja å le. Så gjekk dei inn og kom ut att med kaffi og is. Dei sette seg i det som vert kalla elveparken her i bygda. Eg gjekk ned til dei.
– Kvifor lo de?
– Av di det er heilt merkeleg at det er ein kolonial her. Vi kjem frå Hellesylt. Der var det to butikkar. Det er butikkar overalt i Noreg!
– Eg har vore i Nederland. Der var det då ein del kolonialar.
– Ja, men dei er på stadar der folk bur. Her i Noreg, der vi har sykla, er det ikkje menneske.
– Eg vil no påstå at eg er eit menneske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.