JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Sykling

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1914
20220617
1914
20220617

– Det heiter ikkje damesykkel no lenger. Det heiter innstegssykkel.

Ein kamerat med lang sykkel­erfaring – han har ikkje mindre enn tre «analoge» og to elektriske syklar – korrigerte meg der vi trødde frå scene til scene på Musikkens dag i Oslo.

Det gjekk overraskande bra. Eg er nemleg litt redd for å sykle. Sjølv om hovudstaden har kilometervis med lyseraud sykkelsti, finst det mange farlege kryss med tungtrafikk. Dessutan er eg skeptisk til råsyklistar, dei som trakkar av garde i full fart og ser ut til å tru at trafikkreglane ikkje gjeld for dei.

Men no har han fått meg på trua, eg vurderer å kjøpe meg sykkel. Tenk å trille nedoverbakke til arbeid på ti minutt i staden for å gå i ein halv time! Eg trur eg får meir mosjon av å gå enn å sitje og trø litt no og då, men det hender at eg er ute i siste liten.

– Om du ser etter ein bysykkel, bør du ha større hjul som trillar betre, sa brukthandlaren då eg stod og såg på ein velbrukt terrengsykkel.

Bysykkel? Eg torde ikkje spørje kva det er. Ikkje veit eg kva eg vil ha heller, men det er mykje å velje i: racer- og landevegssykkel, terrengsykkel, fatbike, hybridsykkel, samanleggbar sykkel, liggjesykkel, lastesykkel, tandemsykkel, elsykkel... Og innanfor dei kategoriane er det endå fleire variantar. Før var det stort sett berre dame- eller herresykkel som var valet, etter barnesyklane.

Innstegssykkelen er komen for å bli, ser det ut til. Mange syklar har ikkje den klassiske stonga kjærasten kunne sitje på. Vi sykla forresten med «innsteg» då vi var så små at vi ikkje kunne sykle på herresyklar. Vi tredde berre eine foten under stonga og prøvde å halde balansen på skeiva. Noko elegant syn var det neppe.

Eg veit ikkje om det blir bysykkel, innstegssykkel eller elsykkel på meg, men éin ting er sikkert: Eg skal ikkje ha ein pastellfarga «damesykkel» med lêrsete og bastkorg pynta med ein fargerik blomekrans. Der går grensa.

Tiriltunga

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis