JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Substitutt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1950
20220114
1950
20220114

«Prøv vår deilige digitale meny», oppmodar SJ Nord kvar gong eg reiser med Dovrebanen.

At det no er SJ Nord og ikkje Vy eller NSB som køyrer Dovrebanen, har ikkje så mykje å seie for ein pendlar. Det meste er som før, men dessverre har menyen tapt seg.

Vegetarpizzaen som Vy tilbaud, såg ut som ein pizza og smakte heller ikkje så verst, særleg ikkje med ruccola på toppen. Vegetarpizzaen som SJ Nord tilbyr, er ein leiv med noko smelta ost på, som eg rett nok kan få ruccola til.

Sist eg drog austover, hadde det vore flust med heilagdagar og ingen opne butikkar. Difor hadde eg ikkje med meg niste, men satsa på å ete i «Kafé motsatt vei».

Medan eg stod i køen, skjønte eg at dei var utselde for både eitt og hitt. Det eine var vegetarpizzaen som eg, trass i dårleg erfaring, likevel hadde tenkt å ty til. Då eg spurde om dei hadde andre varme vegetarrettar på menyen, tilrådde den unge kvinna ein nudelrett.

Glad for at dei hadde eit vegetarisk alternativ, takka eg ja. Då maten kom på bordet, var han dekt med noko som likna mistenkjeleg på kjøt. Kunne ho eller eg ha misforstått noko?

Eg tok ein kik i den digitale menyen og forstod kva eg hadde kjøpt: «Nudler med pulled BBQ VegMe, wokgrønn­saker og hjemmelaget chili crispdressing.» Eg hadde altså fått ein vegansk rett med eit skinkesubstitutt som såg ut som varmebehandla kjøt, men som smakte som altfor salt avskjer av viskelêr. Hadde eg visst at det var det eg fekk, ville eg ha takka nei. Løysinga vart å skubbe all «pulled BBQ VegMe» til sides og prøve å nyte resten.

Gjennom ein mannsalder har eg svart på alle kundeundersøkingar eg har fått tilgang til, for å prøve å påverke NSB og seinare Vy og SJ Nord til å få eit betre vegetarmattilbod. I byrjinga var vaflar og gjærbakst einaste alternativ. Ingen varmrett utan kjøt. Tilbodet har kome seg, men det er framleis ikkje godt nok.

Neste gong eg tek toget, skal eg prøve den digitale menyen medan eg et nista mi.

Tiriltunga

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis