Fyrste gong eg såg det, trekte eg litt på smilebandet. Det gav ein «å, hugsar du?»-reaksjon. Men så vart det fort for mange av dei. Du skjønner nok kva eg snakkar om.
Menn i T-skjorter med Streken-trykk. Streken, eller La Linea som han heiter på originalspråket italiensk, den lett hissige animasjonsfiguren som er og lever på ein strek. Her i landet vart han vist på fjernsynet på 1970- og 1980-talet, og i nyare tid har han, som mykje anna, vore å finna på YouTube og T-skjorter.
Ingen tek på seg ei Streken-T-skjorte heilt tilfeldig. Det var berre den som låg øvst i bunken, liksom. Dei vil seia noko om seg sjølv, og det eg trur dei vil seia, er: Du ser det kanskje ikkje på meg, men eg er ein mann med mykje humor og eit nostalgisk forhold til 1980-talet.
I løpet av våren og sommaren har det kokt over av strekar. Eg har sett dei på fleire fotballcupar, på konsertar og på stranda. I Stavanger, Oslo og Bergen. Menn med humor og eit nostalgisk forhold til 1980-talet er overalt.
Den mest nostalgiske av dei såg eg på bybanen i Bergen. Ikkje berre hadde han Streken på hettegenseren sin, han hadde forsyne meg Streken trykt på joggebuksa si òg. Ein Streken-joggedress!
Kva tenkte denne mannen den morgonen då han stod framføre skapet og skulle bestemma seg for antrekk? «Det er laurdag, eg skal vera ute blant folk, eg vil gå med noko som seier litt om kven eg er. Det skal ikkje vera tvil om at eg er ein mann med mykje humor og eit nostalgisk forhold til 1980-talet. Eg går for Streken-dressen! Der ligg genseren, men buksa ser eg ikkje... ’Mamma, har du vaska Streken-buksa?’» (Eg reknar med at menn med Streken-joggedress bur hos mor si.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.