JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Støtte­apparat

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1922
20240301
1922
20240301

I helga følgde eg opp to tilreisande nieser på skiskyttarstemne. Stort sett meistrar eg slike oppgåver godt, synest eg sjølv, dei får god mat og godt stell. Men på idrettsarenaen er eg ikkje heilt på høgd.

Løypa er ikkje lang, men ho er hard. Eg plasserer meg i ein seig oppoverbakke der eg reknar med at dei treng støtte. Jobben min er å fotografere dei i kule positurar og å heie dei fram.

Det er eit par, tre hundre deltakarar på stemnet. Mange foreldre, trenarar og venninner må ha tenkt same tanke som eg, for dei står i same bakken, og eg noterer meg – med eit ørlite løft i sjølvtilliten – eitt poeng for god taktisk vurdering.

Ei veksande gruppe står der og ventar. Så dukkar den fyrste deltakaren opp nedst bakken, og tre av tilskodarane bryt ut i eit lurveleven: «Kom an! Løft blikket! Du ligg på tredje, tolv sekund bak andre!» Og jenta får nye krefter og fyk opp bakken.

Så er neste jente på veg oppover, og ei ny minigruppe skrik: «Kom igjen! Du har fem sekund opp til ein pallplass!»

Endå ein skiskyttar, ny hurlumlei av eggjande tilrop.

No kjem min kandidat i fint driv, men det er tydeleg at ho treng ekstra kveik for å ta ut det siste. Og det er i denne avgjerande stunda eg sviktar: Eg er berre måteleg interessert i at ho skal presse seg meir. Eigentleg er eg imot konkurranseidrett, kjem eg på, i mi verd skal skiløparar heller nyte turen. Ikkje anar eg korleis ho ligg an i konkurransen heller.

Dermed kjem det berre nokre veike, defaitistiske «kom an» og «stå på» frå meg. Noko mindre motiverande enn ein heiagjeng som ikkje eingong har trua på eigne tilrop, kan vel knapt tenkjast.

Eg er usikker på om ropa mine i det heile når fram. Men øvst i bakken snur ho seg, og auga våre møtest. Ho ser ned på meg frå ei anna verd med ei blanding av forundring og medynk i blikket. Eg tagnar.

Eitt er i alle fall sikkert: Det niesene mine presterte denne helga, kan dei ta all ære for sjølv.

OBO

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis