Eg trur dei fleste med barn har oppdaga kor utruleg opptatt desse små menneska er av kor dei skal sitje og kor alle andre skal sitje. Vaksne som kjem inn døra hos meg og har mot til å finne seg ein stol, kan til dømes verte møtte med eit bestemt rop: «Det er plassen til mamma!» Eg må då ile til å seie: «Nei, nei, nei, her er det ikkje faste plassar!» Men det er jo det. Eg meiner, eg har ikkje skrive namnet mitt på stolen, men altså, eg sit jo alltid der.
Inst inne lurer eg på om plassen ein sit på, er minst like viktig for vaksne som for barn, berre at vi gjer litt mindre ut av det. Sjå berre kva som skjer om ein tilsett med ein god plass i eit ope kontorlandskap, sluttar. På eit minutt er plassen fylt opp med private bilete som markerer at plassen er teken. «Min plass!» Men det er det jo ingen som seier.
Heller ikkje på julebord er alle plassar like gode. Hamnar du ytst på hjørnet av eit langbord, med ein som er hard på flaska ved sida av, er ikkje det den beste plassen, for å seie det sånn. Men vi seier jo ikkje det.
For ikkje lenge sidan var eg på middag hos nokre vener, og då vi etter kvart slengde oss ned i salongen, vart vertinna full av skam. Ho og mannen hennar hadde okkupert dei beste plassane i sofaen! Og ikkje nok med det. Ho trudde dei hadde sett seg ned først, før vi andre rakk å orientere oss.
«For alt eg veit, kan eg ha sett meg først, for eg har den beste utsikta», sa eg. Eg sat i ein komfortabel stressless. Men då høyrde eg eit bestemt «Nei!», frå den andre stolen i rommet. «Eg sette meg først!»
Kva var dette?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.