Lita skrift

St. John’s

Publisert Sist oppdatert

«Vil du ha ei offentleg utdanning der alle born, utan omsyn til religiøse band, går på same skulen, der dei får høve til å læra om religion og halda høgtid?»

Spørsmålet var einaste temaet ved ei folkerøysting i 1997 på ei forblåsen øy på den kanadiske austkysten. Om det fortel frater Carl Matthews i boka Suppression in Newfoundland (som nok aldri blei nokon kioskveltar).

Nei, sa dei lokale katolikkane, som ottast eit nytt domenetap til det verdslege: «Treng me eit slikt nytt grunnlovstillegg? I meir enn tusen år har kyrkja teke seg av utdanning. Folk sender ikkje borna sine til skulen for å læra om religion, men for å få trua. Dei skal få læra kva som er rett og kva som er gale», meinte ein Mr. Monte Solberg.

Mr. Ken Epp bad om å få koma med ein analogi: «Eg har undervist unge menneske heile livet. Å læra dei om religion ville vera som å gje dei unge kurs i ekteskap. Men samlivet mellom mann og kvinne, vil dei finna ut, er noko heilt anna enn eit kurs!»

Mr. Maurice Vellacott talte òg med ei likning: «At Utdanningsdepartementet skal diktera pensumet i religion, er som å gjera reven til hovding i hønsehuset!»

Slik dreiv dei på, katolikkane på Newfoundland, men kven bryr seg?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement