JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Spotify

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1875
20220909
1875
20220909

Spotify er bra frekke. Ja, strøymetenesta som tilbyr deg nesten all musikk du kunne ønskje deg og – for ikkje å snakke om – all musikken du absolutt ikkje kunne ønskje deg. Som russelåtar med hårreisande og uakseptable tekstar.

Eg har lenge vore Spotify-brukar, men sidan kontoen min i mange år har vorte brukt mest til å samle musikk til joggeturar og bilturar med barn, er låtoversikta mi heller uinteressant. Med eitt unntak.

På ein av joggeturane mine opplevde eg at mi eiga musikklista tok slutt, og Spotify tok over kontrollen. Det vil seie – ved hjelp av algoritmar starta robotane å sende musikk som likna joggemusikken eg nett hadde høyrt. Akkurat då eg var halvvegs oppe i bakken som i nabolaget mitt er kjend som «blodbakken», kom ein låt som var heilt hårreisande. Uakseptabel. Altså ein russelåt med tekst som ikkje kan siterast her. Problemet, eller var det motsett, var at låten fekk meg opp i dobbelt tempo. Og når låten var slutt, måtte eg spole tilbake, for å kome heilt til topps i blodbakken. Var det teksten eller rytmen som gjorde det? Eg veit ikkje, men slik var det i alle fall at ein heilt hårreisande og uakseptabel låt hamna på spelelista mi, som sjølve definisjonen på ein guilty pleasure.

Spotify gav seg ikkje der. Etter fleire joggeturar opp blodbakken var russelåten så mykje spelt at robotane sette eit hjarte på denne låten. Eit hjarte! På ein heilt hårreisande og rett og slett uakseptabel låt. Det var så ille at då eg oppdaga det, så stoppa eg opp, midt i blodbakken, for å fjerne det. Men Spotify er som sagt bra frekke. Då eg trykte på hjartet for å få det vekk éin gong for alle, sende roboten deira meg følgjande melding: Oops! Let’s forget that ever happened. Og på den måten sikra Spotify at eg aldri, sjølv etter å ha sletta låten frå spelelista mi, nokon gong vil gløyme denne heilt hårreisande og uakseptable låten.

JORD

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis