JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Sparing

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2096
20221028
2096
20221028

I 2015 kosta ein pose med Toros betasuppe, nei, ho er ikkje særleg god, men ungane liker henne, 8,90. No kostar nett den same posen 27,90. Eit lite speltbrød som i vår kosta 30 kroner på Meny, er kome opp i 54 kroner. Det er eit eller anna heilt feil der ute. Det handlar sjølvsagt om tollvernet. Og nei, det hjelper ikkje om regjeringa får gjennom at alle matvarekjedene får lik innkjøpspris, som regjeringa vil. Det kjem til å auka prisane sterkt av di innkjøparane då ikkje har noko incitament for å få ned innkjøpsprisen.

Det er likevel noko du kan gjera. Eg kjenner meg litt liten når eg gjer det, men eg gjer det likevel. Du skal verta medlem av Coop og Trumf-medlem hos Norgesgruppen, og du skal lasta ned Æ-appen til Rema 1000. I tillegg skal du kvar sundag kveld gå inn på heimesidene til alle matvarekjedene og undermerka deira: Matkroken, Extra, Mega, Meny, Kiwi, Joker, Rema, Spar. Du skal gå inn på absolutt alle!

Det du må innsjå, er at alt, absolutt alt, sett vekk frå alkohol og tobakk, før eller seinare kjem på tilbod. Tak berre Meny denne veka: Den beste basen for pastasaus er det Mutti som har. 400 gram kostar til vanleg 50 kroner på Meny. Denne veka var prisen 20 kroner. Slikt varer evig uopna. Eg kjøpte ni glas.

Samstundes, på Mega, var Muttis knuste tomatar, som der kostar 27 kroner til vanleg, berre 10 kroner. Men finast av alt, dei beste fiskeburgarane som er der ute, Lofotmannens cilie, bacon og ost, som til vanleg kostar 180 kroner kiloen, kosta denne veka berre 80 kroner på Meny.

Eg har alt gjort unna mykje av jolehandelen. Eg har kjøpt inn to kilo ost. Ost varer evig og vert betre etter utløpsdatoen. Eg har kjøpt min til halv pris. Eg har i tillegg kjøpt inn to kilo sjokolade frå Rema, som hadde ein spesialkampanje. Alt dette fann eg ved å gå inn på heimesidene.

Men det luraste du kan gjera, er å gå til disken for datomerking. Kan du gå om føremiddagen, finn du støtt og stadig fisk og kjøt til ein særs rimeleg penge. Eg har rundt 15 kilo av slikt i dei tre frysarane eg har.

Og no kjem poenget: I år skal du ynskja deg frysar til jol!

JH

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis