JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Snik

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1936
20230825
1936
20230825

Då eg gjekk roleg mot kassa i ein matbutikk her om dagen, smatt ei kvinne inn i køen rett framfor meg. «Din snik», tenkte eg, men lét det passere. Like etter høyrde vi «Ledig kasse» bli ropt ut frå sidelina. Ho som hadde snike seg inn framfor meg, spratt ut av køen og sprang bort til det ho trudde var ei ledig kasse.

Det viste seg køen vår gjekk til kassa som vart opna. Eg fryda meg over bomturen til snikaren, som ikkje stod fremst i køen, og som dermed ikkje skulle ha vore fremst i ein ny kø om ein skal følgje den regelen som mange meiner ein skal.

Medan eg godta meg over manøveren hennar, kom ho opp på sida av meg og sa:

– Eg stod eigentleg framfor deg.

Eg såg på henne utan eit ord, men håper ho kjende blikket mitt i nakken.

Denne episoden fekk meg til å tenkje på den gongen eg skulle flyge frå Havanna til Miami. Eg var ute i god tid; all erfaring seier at ein bør vere ute i god tid på Cuba. To personar stod bak skranken, og vi var kan hende sju–åtte personar i køen.

Paret som stod framfor meg, hadde mykje bagasje med seg. Etter ei stund fekk dei følgje av eit heilt reiseselskap, om lag ti personar til saman, alle med svære koffertar og vesker i tillegg. Sidan eg alt hadde stått lenge i køen og byrja sjå på klokka, sa eg frå om at eg var nest etter paret som stod der først. Då fekk eg klar beskjed om at dei var eit reisefølgje, så dei skulle alle inn i køen framfor meg. Enden på visa var at eg berre så vidt rakk flyet.

Og denne episoden fekk meg til å tenkje på ein gong eg skulle flyge frå Ålesund lufthamn Vigra. Vi var mange som kom med flybussen, mange som skulle sjekke inn, og mange som skulle gjennom tryggingskontrollen samtidig. Brått kom ei kvinne heseblesande og vifta med billetten.

– Unnskyld, kan eg få kome forbi? Eg skal nå eit fly.

Høfleg tok vi andre eit steg til sides, vel vitande at vi var i same båt.

Då eg kom fram til utgangen, sat ho der. Eg håper ho var litt brydd.

Tiriltunga

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis