Norsk skule går frå katastrofe til katastrofe. No er alt i ungdomsskulen digitalt. Yngsteguten og eg slit kvar dag med å finna ut kva han skal ha lært og kva han skal læra.
I dag hadde vi om algebra og funksjonar, ikkje at dei kalla det funksjonar. Nei, det var ikkje lekse, men eg ville finna ut kvar han var i pensum.
Ja, eg forstod at eit rektangel representerte «n», både guten og eg såg korleis figurar veks i alle retningar med «n» gonga med eit eller anna. Men å forstå korleis auken skulle formulerast i ein formel, fann vi ikkje ut av.
Kvifor må vi fyrst gå gjennom den lange sekvensen om korleis ein uttrykkjer formlar i form av døme på auke, i staden for å læra formelen? Og når alt skal fyllast ut på internett, kvar skal vi rekna oss gjennom det heile? Ikkje tavler, ikkje papir, ikkje døme. 90 prosent av tida går med på å finna ut av kvar vi skal leita i «ressursane», som heile tida endrar namn av di ein eller annan i eit forlag heile tida redigerer «bøkene».
Eg vert galen. Guten har nokså lett for å forstå matte dersom han får reglar, eg er nokså god til berre å forstå kvar vi skal. Men korleis utvida n2 på basis av internett når vi ikkje får prøva og feila på papir og det utan ei rettleiing?
Det er lenge sidan forskinga etablerte at lesing på papir, rekning med blyant og alt anna av det gamle, er den beste læringsmetoden av di det vert kombinert med motorikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.