JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Skam

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1788
20231215
1788
20231215

Kvinna som stod framfor meg i køen, var norsk. Ikkje så rart, sidan kiosken låg rett ved utgangen til flyet som skulle til Noreg. Eg la merke til henne medan eg gjekk langs hyllene og vurderte kva eg skulle kjøpe til lunsj. Ho var saman med ein mann og eit lite barn som forlét kiosken då ho gjekk for å betale det dei hadde plukka med seg.

Han som stod bak disken, spurde om ho ville ha bagetten varma. Ho stadfesta det medan ho fann fram bankkortet. Først prøvde ho å tappe kortet med å leggje det oppå betalingsterminalen. Ingen respons. Ho prøvde ein gong til. Niks. Han som stod bak disken, signaliserte at ho måtte prøve å setje kortet inn i terminalen. Som sagt så gjort.

Då ho skulle slå pinkoden, måtte ho tenkje seg om. Ho såg ut i lufta og sa høgt:

– 2, 8..., men gav opp.

Eg la merke til at ho hadde same bankkort som eg, altså frå ein regional sparebank. Ho gjorde fleire forsøk på begge vis, men det gjekk ikkje.

– Beklagar, men kortet vart avvist, og eg skal nå eit fly, sa ho på engelsk og viste med ei handrørsle at varene måtte bli liggjande att på disken.

Han som stod bak disken, var ikkje heilt nøgd med at ho skulle forlate ein kald oppvarma bagett.

I alle dagar, tenkte eg, det er då lenge til flyet går. Kvifor sprang ho ikkje bort til mannen sin? Kunne ho ikkje få han til å betale?

Det var då den barmhjartige samaritanen dukka opp, ein mann som hadde stått bak meg i køen ei stund.

– Eg kan betale, eg, sa han på norsk og la kortet sitt på betalingsterminalen.

– Å, tusen takk, sa ho.

Før eg rakk å betale varene mine, hadde småbarnsmora fiska mobilen opp frå baklomma og vipsa pengar attende til den gode hjelparen.

Ikkje éin einaste gong hadde det slått meg at eg kunne betale for henne. Skamfull tok eg den kalde bagetten min og gjekk.

Tiriltunga

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis