JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Sinken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1914
20221125
1914
20221125

Då gutungen slutta med bleier, fekk eg ta over sinksalven hans. Fyren skal jo i militæret til våren og saknar han vel ikkje.

Men eg – som no syklar overalt og heile tida – har hatt god nytte av denne mirakelmedisinen. Ikkje minst på ferie, når det er varmt, eg er sveitt og sykkelen er leigd og møter meg på halvvegen med eit sete av uvande former.

Ja, eg reiser no for tida med eigen hjelm og pakkar bagasjen i sykkelvesker, men å ta med privat sykkelsete har eg ikkje vurdert (med så ymse dimensjonar som no finst på setepinnane).

Kona, derimot, ho dreg på eit laust silikonsete på slike reiser, og attåt har ho bukser med digre silikonrumpeballar, men eg for min del har no greidd meg godt med den hendige sinksalven. Til no.

Pandemien har, som de skjønar, gjort ende på den vesle flyskamma me på førehand hadde akkumulert. Me sykla i Italia i påsken, i fantastiske fjell og dalar. No sist sykla me i Spania. Der trødde me ikkje innover på dei knusktørre andalusiske slettene, nei, men langs fantastiske, milelange atlanterhavsstrender. Og når det er europeisk indian summer ein slik stad, i november, då må ein jo berre bada!

Og det er der, på stranda etter badet, at ei ny utfordring melder seg. Korleis får ein på seg trusa utan å fylla henne med sand frå den foten du ikkje står på, når minst ei hand er oppteken med å halda handkledet (av vyrdnad for lokale katolikkar)?

For andre badegjester er øvinga kan hende banal, det er berre å rista sanden ut frå der han ikkje høyrer heime. Men alle som har prøvd seg med eit solid deponi med sinksalve i trusa, forstår kva eg talar om. Den sanden som har kome seg dit, blir der, same kor mykje du brusar med halefjøra.

Då skal dei fattige ha takk, og det kan bli ille langt til hotellet med ståplass på sykkelen. Sinken er ein god tenar, men ein nådelaus herre, det var berre det eg ville varsla om. For henne med silikonet var det berre tut og køyr.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis