JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Sherpings

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1948
20230623
1948
20230623

Det var tidleg i pandemien, me var to på heimekontor og eitt barn heime i karantene frå barnehagen. På taket var ein arbeidar, han skulle skifta ut nokre møneplater. Då heimekontordagen var ferdig i 11-tida, ville me køyra vekk frå huset, slik at arbeidaren fekk halda på utan oss under seg, så me bestemte oss for å gå dei nye sherpatrappene opp til ein bergknaus i kommunen. Du veit, slike steintrapper me nordmenn oppdaga for nokre år sidan, så flaug me inn ein bråte nepalske sterke menn som hadde det å bera tungt og byggja slike trapper i blodet.

Idet me gjekk mot bilen, vende eg meg til mannen på taket og ropte ut:

We’re going out now, but if you need to use anything in the house – the toilet, the kitchen or what so ever – the door is open!

Eg kjenner meg alltid litt god, raus, når eg opnar huset slik, viser at eg stolar på folk. Det er jo sjølvsagt at han må få bruka huset, men det er noko med det å seia det, vera på tilbydarsida.

Mannen på taket nikka roleg og tok seg til den litt rufsete barten.

Thank you, sa han.

– Men eg snakkar norsk, la han til på dialekt.

– Å, he-he. Er du herfrå, kanskje?

– Ja, fødd og oppvaksen.

– Okey. Nei, eg kjem eigentleg ikkje herfrå. Er så mange eg ikkje kjenner, sa eg.

Mannen min gjekk vidare mot bilen, eg såg korleis stega hans, heile haldninga hans tok totalt avstand frå det eg nett hadde gjort. Då me sette oss i bilen og klaska att dørene, fekk eg høyra det.

Engelsk?! Han hadde gått rundt huset heile føremiddagen, om eg ikkje hadde høyrt han snakka norsk i telefonen? Nei, eg hadde ikkje det, då eg sa god morgon berre smilte han og nikka på internasjonalt vis.

Guten i baksetet skjønte ingenting, han visste enno ikkje kva arbeidsinnvandring var. Han var meir interessert i kvar me skulle.

– Kva var det dei trappene heitte, spurde han.

Faren tok på seg å svara.

– Geishatrapper. Det har kome geishaer frå Nepal som har lagt alle trappetrinna for hand.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis