Rottelotto
Her ein dag hadde eg ein av desse augneblinkane der eg kjenner meg mykje eldre enn andre unge.
Eg høyrde på radioen då ein innringar fortalde om ei rotte ho hadde fanga på loftet. Eit aktuelt tema for meg, så eg spissa øyro.
Programleiarane var nyfikne på korleis ho klarte dette (rottefelle), korleis ho reagerte (skreik og skvatt skikkeleg, veninna som var med, hoppa bakover) og korleis ho kvitta seg med rotta etterpå (fekk broren til å koma og ta henne vekk). Dei to programleiarane ville le seg i hel, klappa og sa: «Jæ’li bra! Jæ’li bra!»
Er det verkeleg så uvanleg å fanga rotter i rottefeller?
Eg er ikkje den store gamblaren, men i kjellaren spelar eg lotto. Rottelotto. Alltid har eg sju musefeller og ei rottefelle ståande langs veggane, der røyra går. På det meste har eg fått fire rette på éi natt, men det er over eit år sidan eg fekk tilleggstal.
Det kan gå månadar utan fangst, men kvar gong eg går ned i kjellaren og lyser langs veggen, er det med den same spenninga i kroppen. Eg trur det er slik hummarfiskarane har det.
Å jakta på og drepa desse dyra har vore eit sideprosjekt til alt anna eg har gjort i femten år.
Eg har hatt nokre minneverdige fangstar, som den gongen eg fekk to mus – ei av kvart kjønn – i same felle. Kanskje var dei eit par? Dei gjekk ut for å eta saman, borna låg att i reiret, og SMEKK! så var det stemnemøtet over. Borna venta på mamma og pappa, som aldri kom, og eldstemann i flokken måtte ta på seg ansvaret for resten.
Ein annan gong fekk eg ein rottehale i fella, han var kutta rett av i smekken. Fire månadar seinare, etter å ha levd herrens glade, halelause dagar, gjekk resten av rotta i fella. Sirkelen var slutta.
Uansett utfall av rottelottoen ser eg det som positivt; dersom det ikkje er mus i fellene, er det bra. Dersom det er mus i fellene, er det òg bra. Om åtet er teke utan at fella har gått av, tenkjer eg at det går til ei god sak. Betre lukke neste gong.
Clementine
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.