Lita skrift

Reservasjon

Publisert

Ho kom baksande inn i vogn 7 med «sekk på ryggen og sekk på magen» og etter noko styr fekk ho plassert kofferten i bagasjehylla og ryggsekken på hattehylla.

– Eg håper ingen skal sitje her, sa ho då ho dumpa ned i vindaugssetet og plasserte handveska og to handlenett på setet ved sida av seg.

Dette var rett etter at pandemirestriksjonane var oppheva, og ho var ikkje åleine om å ha vant seg til luksusen med å ha to sete åleine. Då toget seig ut frå Oslo S, hadde ho ingen ved sida av seg. Ho smilte nøgd, men Eva var ikkje lenge i paradis.

På Gardermoen kom ei kvinne og kravde plassen, og ho med vindaugsplassen stuva vekk veske og posar utan eit ord. Ho som sette seg ved sida av henne, takka fint, og straks gjekk drøset om laust og fast. Eg kan ikkje forstå anna enn at dei i ettertid var samde om at det hadde vore ein fin tur.

Eg vart sitjande å tenkje på motstanden som kvinna med vindaugsplassen hadde vist då reisa tok til, og kjende meg att. Eg vil helst sitje i fred på toget, altså ikkje prate med nokon, og viser det med å lese eller late som om eg høyrer på radio.

I fjor hamna eg ved sida av ei kvikk eldre kvinne som gjerne ville prate. Ho var på veg til Oslo etter å ha teke gondolen opp til Nesaksla på Åndalsnes. Ho var strålande nøgd med turen som hadde teke til på Oslo S same dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement