Prøving og feiling
Ein av desse varme dagane i mai kunne eg gå tidleg frå arbeid og la humla suse. På heimvegen slo det meg at det kunne ha vore fint med luftigare klede, så eg forvilla meg inn i ein klesbutikk i tre etasjar.
Vanlegvis triv eg berre med meg eit klesplagg frå eit tilbodsstativ, men det har ført til haugar med feilkjøp. Difor var instruksen til meg sjølv å prøve eventuelle antrekk, og det sjølv om prøverom er pyton.
Etter ein runde i butikken hadde eg seks kleshengjarar over armen, fire med same plagg i ulik storleik. Eg har for lengst innsett at eg ikkje har magemål. Kjolar i storleiken som før var eit perfekt valkeskjul, er ikkje ledige lenger.
Medan eg stod i køen til prøverommet, kjende eg varmen frå seks ekstra plagg. For ein utruleg dårleg idé det var å handle klede i sommarvarmen!
Då eg kom inn i prøverommet, måtte eg vere rask. Først prøvde eg skjortene og slapp difor å ta av meg buksa. Dei passa berre sånn passe. Då eg skulle drage den siste over hovudet, hekta ei av dei forbaska innsydde silkestroppene seg fast i hestehalen.
Det lange skjørtet som eg optimistisk hadde trive med meg, kunne ikkje dragast over buksa, ho måtte av. Skjørtet passa ikkje, og då eg skulle skrelle det av meg, hekta hælen seg i falden så eg måtte hinke meg ut av knipa.
Oppkava drog eg på meg buksa, styrta ut av prøverommet og slengde kleda på eit stativ. Då eg skulle gå ned trappene, kjende eg at noko ikkje stemde. Det viste seg at eg hadde teke på meg buksa att fram. Eg såg meg over skuldra, men køen til prøveromma var lang. Buksa var heldigvis ikkje for stram, men teknikken eg måtte ty til for å kome meg ned trappetrinna, gjorde at eg såg ut som ein person som treng ny hofte.
Berginga vart ein sportsbutikk med få kundar, der eg lét som eg skulle prøve treningsklede og fekk buksa på rett kjøl.
Endå ein gong fekk eg sjå at det som skjer, ofte skjer seg.
Tiriltunga
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.