Lita skrift
PrisenMusikkbransjen elskar å hylle seg sjølv. Ikkje minst i USA, der artistane er på tilsynelatande konstant rundreise for å dele ut og ta imot prisar på Billboard Music Awards, MTV Video Music Award, American Music Awards, Rock & Roll Hall of Fame, Soul
Musikkbransjen elskar å hylle seg sjølv. Ikkje minst i USA, der artistane er på tilsynelatande konstant rundreise for å dele ut og ta imot prisar på Billboard Music Awards, MTV Video Music Award, American Music Awards, Rock & Roll Hall of Fame, Soul Train Awards, Teen Choice Awards, Country Music Association Awards, Grammy Awards og alle dei andre TV-overførte showa.
Berre under årets Grammy i New York vart det delt ut prisar i 84 kategoriar! Med fem nominerte i kvar kategori, kan ein for å vere litt spydig seie at det var nesten ein større prestasjon ikkje å bli Grammy-nominert, enn å bli det.
Britiske bransjeorganisasjonar, TV-stasjonar og magasin er heller ikkje tamme når det gjeld å feire sine eigne popheltar ved å kaste prisar etter dei. I vesle Noreg prøvar vi så godt vi kan å etterlikne det dei store gjer. Difor likar vi også her heime å dele ut heider og ære til musikarane våre, særleg om dei har klart å gjere internasjonal suksess ved å høyrast så lite norske ut som muleg.
I mylderet av norske prisar finst alt frå siste helgs P3 Gull for dei unge og hippe, til museumsplass på Rockheim Hall of Fame for gamlingane. Og platebransjeorganisasjonane som står bak Spellemannprisen, er så fornøgde med sine eigne at dei på utdelinga for 2017 klarte å dele ut heile 25 prisar med smått og stort.
Ganske ofte verkar det som at «Alle skal få» er mottoet for både den norske og internasjonale musikkbransjens stadige sjølvgratulering. Har du først vore med på å gi ut ei plate, er du nesten garantert å bli nominert til eitt eller anna. Det er ein pris og ein kategori for dei aller, aller fleste. Bortsett frå kanskje den aller viktigaste gruppa. For kvar er prisen for beste brukar av musikk?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.