JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Pikken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1936
20220610
1936
20220610

I min barndom på Nordvest-landet i førre tusenår pla vi leike pikken. Ein enkel leik for minimum tre deltakarar. Leiken kunne bli både sveitt og vilter, men var noko av det kjekkaste eg visste. Den eine deltakaren «hadde pikken» og skulle kvitte seg med han, altså pikken, ved å pikke ein av dei andre på ryggen. Dei andre sprang til alle kantar for å unngå nettopp dette. Når så ein av dei andre blei innhenta og «fekk pikken», måtte denne i sin tur pikke ein annan på ryggen for å gje pikken vidare.

Det var ei uskuldig tid. Vi unngjekk eksplisitte nemningar på intime kroppslege fenomen. Mor mi, eit på alle måtar godt menneske, hadde eigne omgrep for det meste slikt. Eit av dei enklaste var «vanne», for å late vatnet. Utover det var det ei rekkje meiningstunge ord, i hovudsak similar og onomatopoetikon, for alle private lekamsdelar og kroppsfunksjonar. Eg veit framleis ikkje om det var hennar eige kreative talent som slik kom til uttrykk, eller om ho hadde det frå sin eigen oppvekst.

Som barn hadde eg derfor eit rikt vokabular på dette feltet, men eg tenkte aldri over at vi berre nytta omgrepa i den inste familiekrinsen. Slikt er ikkje akkurat vanlege samtaleemne i selskapslivet.

Men då eg kom på skulen ­– barnehage var ein ukjend luksus på den tida – og naturen tvinga fram ei offentleg verbalisering av det som til då hadde vore private ærend, var det eit sjokk å oppdage at eg ikkje kom nokon veg med det nøye avstemte omgrepsapparatet eg hadde heimanfrå.

Etter den opplevinga har eg alltid hatt ei varsamt utprøvande tilnærming i samtalar med andre menneske. Folk tolkar det som ei var og lydhøyr haldning, men det vitnar eigentleg berre om ein grunnfesta tvil på eigne formidlingsevner.

Den audmjukande opplevinga framfor ei samla fyrsteklasse bleikna likevel mot det sosiale nederlaget på 4H-sommarleir på Austlandet nokre år seinare då eg skulle komme med mitt forslag til ein enkel og morosam uteleik.

OBO

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis