JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Oppfrisking

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2042
20221202
2042
20221202

I dag gjekk eg og tok ein oppfriskingsdose mot koronaviruset. Eg hadde som von at eg skulle få den nye varianten av Moderna, men han var ikkje komen enno, så det vart til at eg igjen takka ja til den nye frå Pfizer, som eg har teke tre gonger før. Men no er eg altså oppdatert mot ulike omikronvariantar, noko eg neppe hadde trong for, sidan eg fekk omikron alt i slutten av februar.

Kvifor eg tok endå ein dose, sjølv om FHI seier eg ikkje har trong til det? Av di eg ikkje har lyst til å verta så sjuk i jola som eg vart då eg fekk omikron i februar. Trur eg dosen hjelper særleg? Nei, i grunnen ikkje. Men eg kan alltids vona.

Eg vart sitjande og prata med kvinna som skulle setja dosen. Ho hadde særs god tid, sidan nesten ingen under 65 har tinga ein oppfriskingsdose.

– Folk verkar ikkje så interesserte lenger. Dei er nok leie av både vaksinar og snakk om covid-19.

– Hugsar du heilt til å byrja med, då FHI ville ha gradvis smitte og vi skulle få flokkimmunitet?

– Ja, sett i ettertid var det underlege saker. Korleis kunne vi få flokkimmunitet mot eit koronavirus?

– Så var vona vaksine?

– Ja, det skulle stogga sjukdomen. Det gjekk ikkje, det heller.

– Kva meiner du at om at eg tek ein fjerde dose, då?

– Det er ditt val. Du kan vel truleg rekna med litt lægre sjanse for å verta smitta eit par månader framover. Men det viktigaste er nok at du har fått to dosar i kombinasjon med at du har vore smitta. Det er grunnvernet mot alvorleg sjukdom. Å halda fram med å taka vaksine to–tre gonger om året er vel ikkje så berekraftig. Men dei gamle kan kanskje få ein oppdatert vaksine i kombinasjon med influensavaksine. Vi andre får vel berre seia oss ferdig med heile greia snart, konkluderte kvinna.

FHI på si side har slutta å oppdatera tala for døde av eller med covid-19. Det vi veit, er at langt fleire har døydd av covid-19 i år enn dei føregåande åra, og at dei samla dødstala i Noreg vert rekordhøge i år.

No veit de det. Eg på mi side trur ikkje eg tek fleire oppfriskingsdosar. Men det har eg sagt før.

JH

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis