Lita skrift

Opninga

Publisert

Det går mot slutten av året, og igjen skal det handla om det vi menneske er så lite flinke til å gjera, å trena. Men denne gongen med motsett føreteikn. At nokre av oss er altfor ivrig i treninga. At einskilde, les underskrivne, ikkje har vit nok til å halda att.

Grunnen til at eg skriv om denne hendinga, som gjekk føre seg i september, er at i dag gjekk eg i den same fella, men ikkje i påsyn av alle, men i eit lukka rom. Dette skal handla om den hendinga i 2021 som gjorde sterkast inntrykk på meg, og moglegvis nokre grannar.

Av ein eller annan grunn er eg vorten fullstendig hekta på hard intervalltrening på spinningsykkel. Eg har faktisk to spinningsyklar av beste sort, nemleg dei som heiter Body Bike og vert laga i Danmark. Eg har ein i Asker og ein på Urke.

Eg går enkelt og greitt for makspuls så lenge som råd to–tre gonger i veka. Når eg er ferdig, har eg ein fast rutine før dusjen: Eg set meg ned og ventar til den verste ettersveittinga har stogga.

Men, veit eg òg av røynsle, sit eg lenge stille etter hard trening, går blodtrykket rett ned. Difor må eg vera varsam når eg reiser meg. Men eg har òg med å gløyma det der. I dag svima eg av igjen. Men eg kjende det koma og makta å leggja meg ned på golvet før eg forsvann.

Det gjorde eg ikkje i september. Rett utanfor døra har vi eit hundeband som er festa til veggen. Eg sat der og ettersveitta i trappa, og nett då valde bikkja, som ikkje var heilt stoverein, å byrja med piping ved utgangsdøra. Ja, eg var naken, og det var midt på formiddagen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement