Lita skrift

Oksymoron

Publisert

Ukraina slåst for livet mot Putins Warszawapakt, men får ikkje vera med i Nato. Ein perfekt kandidat for Organisasjonen av alliansefrie nasjonar (Non-Aligned Movement, NAM)? Det skulle ein tru.

Organisasjonen for ikkje-
allierte blei skapt i Jugoslavia i 1961 av leiarar frå verdas fattige land. Samhald skulle gje dei styrke til å stå mot imperialismen. Han byggjer såleis på fem sunne prinsipp: Gjensidig respekt for territoriell integritet og sjølvstende. Gjensidig ikkje-aggresjon. Gjensidig ikkje-innblanding i indre tilhøve. Likskap og gjensidig nytte. Fredeleg sameksistens.

Statsleiarane i medlemslanda roterer på å vera høvedsmann, og namna er av gigantane (på godt og vondt) i den nyare verdssoga: Tito, Nehru, Nasser, Castro-brørne i tur og orden, Mugabe, Suharto, Mandela, Mubarak, Morsi, Ahmadinejad, Maduro og no den sitjande Ilham Aliyev, arvingen til Aserbajdsjan.

Dei alliansefrie leiarane deler elles ei avgrensa tru på folkestyret og ei tradisjonell mistru mot USA: Når USA tek parti i ein konflikt, berre alliansefrie statsleiarar flokka seg på den andre, og i tilfellet Ukraina, vil det seia på parti med Putin, det siste sovjetmennesket. Det er ikkje berre namnet på alliansen som er sjølvmotseiande, oksy (frå gr. skarp) og moron (dum).

No må det leggjast til at ikkje alle av verdas 120 alliansefrie statsleiarar held med overgriparen og ikkje offeret denne gongen. Men alle nasjonar som støttar Putin no, eller lèt vera å røysta mot han i FN, eller svarer «økseskaft» på spørsmål om krigen, er i alliansen for dei alliansefrie. Den avtroppande høvedsmannen Aliyev var forresten siste statsleiaren som hadde audiens hjå Putin før invasjonen av Ukraina, og den påtroppande, Museveni frå Uganda, røysta ikkje mot fråsegna i FN mot åtaket av di han må vera «nøytral» i det nye vervet som leiar for dei allierte alliansefrie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement