Lita skrift
Nordfjordingar
Håvard Rem avsluttar ein ny reiseserie i bladet denne veka. Denne gongen har han skrive om Nordfjord. Elles har vi nordfjordingar ofte kjensla av å hamne i skuggen av driftige sunnmøringar, kunstnariske sunnfjordingar og sjølvmedvitne sogningar. Håvard Rem ser oss og forstår oss.
Men om grannefolka er driftige, kunstnariske eller sjølvmedvitne, kva er då nordfjordingane? Det kan vere vanskeleg å setje fingeren på kva som karakteriserer nordfjordlynnet, men vi har våre særtrekk, vi òg.
Eg trur kanskje eg best kan få fram poenget med ein vits, ein nordfjordvits. Det er ein smal sjanger; eg kjenner berre til eitt døme, og det er ein stubb eg høyrde av litteraturprofessor Asbjørn Aarseth i Bergen i førre tusenår.
Vitsen er ikkje særleg god, og som alle slike framstillingar er han karikert, men eg trur han inneheld ein kjerne av sanning. Han er sånn:
Sjølv om store delar av Nordfjord er heller grisgrendte, har nordfjordingar stort sett eit nært og godt forhold til grannane. Særleg før i tida var det svært vanleg å låne av nærmaste granne, anten det var ei harv i våronna, sukker til baksten eller firtomsspikar til eit byggjeprosjekt.
Nordfjordingane er òg flinke til å halde rekning med skulda si og leverer tilbake alle lån til punkt og prikke. Slik tek dei vare på eit godt granneskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.