JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Mørkekøyring

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1967
20231006
1967
20231006

Folk i omgangskrinsen min trur eg lever eit aktivt og hendingsrikt liv. Det er ikkje rett. Eg bruker det meste av tida på å arbeide og sove. Til og med fritidssyslane mine er stort sett gjentakingar av same mønster.

Derimot har eg alltid meint å kunne skryte på meg eit rikt indre liv. Eg kan sjå humor og dramatikk i det meste og lever meg intenst inn i både sørgjelege og oppbyggjelege historier.

Ikkje minst har det rike indre livet mitt fått spelerom nattetid, i draumeland. Så lenge eg kan hugse, har eg delteke i surrealistiske draumespel om natta og vore helt eller skurk eller begge delar samtidig i intense drama, og så vakna gjennomsveitt og med hamrande hjarte, men forløyst.

Men i det siste har denne nattlege underhaldninga blitt forunderleg flyktig.

Eg vaknar om morgonen og veit at eg har drøymt. Kunsten er å bli liggjande urørleg, halde godt fast på den vesle fliken ein hugsar av draumen, og prøve varsamt – utan å presse seg sjølv, for då glepp det – å nøste opp mest mogleg av draumen. Ofte kjem ein ikkje forbi det enkle tablået ein vakna med på netthinna, andre gonger kan ein sakte hente opp bit for bit og setje alle desse minnebrikkene saman til ei nokolunde logisk historie.

No for tida vaknar eg stadig med eit minne om at eg køyrer bil. Og bildraumar skal ein ta på alvor, sa ein venn til meg ein gong, for dei seier noko viktig om livet.

I desse draumane sit eg i førarsetet og køyrer. Eg har ratt, men ikkje gass eller bremser, og bilen går styggfort på ei smal vegbane med høge murkantar på høgre side og møtande trafikk på venstre. Eg ligg heilt i ryggen på ein stor lastebil som eg er nøydd til å passere ... Meir hugsar eg ikkje.

Ja, Freud hadde sikkert tolka inn – for å formulere det varsamt – ein erotisk lengt i desse draumane. Eg ser den. Vennen min ville sagt at eg er inne i ein frustrert livsfase.

Sjølv er eg mest oppteken av den delen av draumen som er blitt borte, og kjenner meg snytt for ei god historie.

OBO

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis