JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Luka

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1905
20231110
1905
20231110

Gjennom eit vindauge i femte høgda sit eg og glanar ned på ein gatestubb. Der ser eg menneske kome og gå, der ser eg nyforelska par, der ser eg par som ikkje er så forelska lenger, der ser eg born som heller vil på skattejakt enn å bli slepte til barnehage eller skule i full fart, der ser eg eldre personar med stivna ganglag trass i fornuftige sko, der ser eg hundar og hundeeigarar i fri dressur, men framfor alt ser eg ein del håplause lukeparkeringar.

I det siste har eg nådd eit nytt nivå. Eg sit ikkje berre og glanar, eg har byrja å kommentere parkeringane, akkurat som faren min då han såg fotballkampar på fjernsynet.

– Obstruksjon! Offside! Corner! ropte han ut – ikkje alt på same tid, då. Han hadde greie på fotball.

– De må finne kvarandre, var ei anna oppmoding han kunne kome med når spelarane rota bort ballen.

No er det eg som sit der som betrevitar og ristar på hovudet og snakkar høgt til meg sjølv:

– No må du leggje over!

Sjåføren høyrer ikkje på meg. Han ryggar for langt bakover før han legg over, og kjem dermed skeivt ut.

– Kva var det eg sa, seier eg, medan sjåføren gjev opp og køyrer bilen fram att langs den parkerte bilen, men ikkje langt nok.

Føraren gjer eit nytt mislukka forsøk. Det hjelper ikkje at passasjeren er send ut som dirigent.

– Jøye meg!

I mitt stille sinn tenkjer eg at føraren må vere eit kvinnfolk eller ein mann med hatt, men det er nok ein gammal fordom, for overraskande ofte er det ein ung mann som til slutt går ut av bilen.

Denne gatestubben har no blitt så interessant at auga mine ofte vandrar frå fjernsynet mot glaset. No er det blitt så gale at eg av og til må setje fjernsynsprogram på pause.

Førebels har eg ikkje sagt eit vondt ord om dei som ser ut til å gå tur med mobilen, sjølv om dei har ein kjærast i handa, eit barn i barnevogn eller ein hannhund i band. Bjeffing frå femte høgda kan truleg høyrast kva dag som helst.

Tiriltunga

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis