Levereglar
Eg er av natur ein nølande person, trur eg. Berre det å ordleggja meg i ein SMS kan eg bruka timevis på, og ofte endar det med at eg ikkje sender nokon SMS likevel. Å ha meg med på ein à la carte-restaurant, kan vera ei prøving. Når eg kan, gjev eg kokken carte blanche.
For å sleppa å bruka tid og energi på å gjera dei same vurderingane om att og om att kvar gong spørsmålet melder seg, har eg difor laga meg eit lite sett levereglar.
1. Eg deler ikkje bilete av borna mine på sosiale medium.
Eg har ikkje alltid vore konsekvent her. Tidlegare vurderte eg dette nøye, skal dette biletet ut, eller dette, skal denne ferien delast, å, her var dei jo så fine, og her ser ein dei jo berre bakfrå – det må vel gå an å dela bilete av dei på stranda bakfrå, vel?
Slik kunne eg sitja med telefonen og diskutera med meg sjølv, heilt til eg ein dag sa at nok var nok. Ingen bursdagar. Ingen sjarmtroll framføre juletreet. Og – eit høgaktuelt tema – ingen fyrste skuledagar. Tenk, begge borna mine har begynt på skulen, i høvesvis 2018 og 2021, utan at verda har sett dei ståande sidevegs med skulesekk.
For på torsdag skjer det igjen. Det er ikkje dagen å døy på, for å seia det slik. Alt som hender i verda, vil drukna i bilete av nervøse, spente og stolte fyrsteklassingar utan framtenner, men med nye blinkesko.
Mor mi er slik at om ho fyrst har trykt «liker» på eitt usikkert barn med skulesekk, må ho saumfara venelista si for å trykkja «liker» på resten òg. Tenk så lei nokon hadde blitt om dei såg at ho likte andre sine born, men ikkje deira.
Det tek meg rett over på neste leveregel.
2. Eg trykkjer ikkje «liker» på bilete av born på sosiale medium.
Dette gjer dagar som julaftan, bursdagar og fyrste skuledag mykje lettare for meg enn for til dømes mor mi.
3. Eg byrjar alltid frå venstre og går mot høgre når eg snur dei tre siste korta i Idioten, dei som eg ikkje veit kva er. Alltid.
Clementine
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.