Eg voks opp mellom tre kraftstasjonar under Nord-Europas høgaste dobbeltkrumma kvelvdam i betong. Mannfolka i bygda arbeidde stort sett i desse stasjonane eller på anlegga kring dei, om dei då ikkje jobba skift på det tilkopla smelteverket 15 kilometer lenger nede i dalen. For meg var såleis det eine, energien, uløyseleg knytt til det andre, industrien, og som journalist har eg sidan fylt mange spaltemeter for å minna om nett det – at norsk tungindustri står og fell med krafta.
Såleis har eg lita skuld i at energilova blei vedteken 29. juni 1990. Den må Eivind Reiten (Sp) dela med økonomane, tidsånda og stortingsfleirtalet som gjorde forvaltingsregimet for norsk vasskraft til forretning. At kontinentale kraftprisar ville følgja kablane heimover, sa seg sjølv, då som no.
Etter at Elkem brått selde heile smelteverket ut av landet og sat att med berre krafta, la eg opp som mikrofonstativ for den norske tungindustrien.
Sidan då har Elkem Saudefaldene heimfalle til staten, som leigde Elkem til å modernisera og driva anlegga for seg, bortsett frå at Orkla i mellomtida har selt Elkem til China National BlueStar.
Er de med? Nei vel, men sånn er kapitalismen, og ikkje minst statskapitalismen. Etter tusenårsskiftet blei heile kraftutbygginga i dette vassdraget effektivisert, og Sauda I-stasjonen, som sidan 1919 hadde forsynt industrien og bygda med kraft og kortreiste arbeidsplassar, var til overs.
Etter nyttår skal Sauda I-stasjonen visstnok starta opp igjen! No som eit «datasenter» med kommunen som sponsor. Rett og slett ein vasskraftdriven kryptovalutafabrikk, lokalisert nett til Hellandsbygd i Sauda kommune av det sveitsiske selskapet Xbit – med denne solide grunngjevinga: «The current exceptionally low energy price is one of Norway’s key advantages.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.