– Eg har hatt «Georgia On My Mind» på repertoaret i 40 år, men no er det slutt.
Kommentaren kom frå ein italiensk musikar då det gjekk mot valsiger for Giorgia Meloni og partiet Fratelli d’Italia, Brør av Italia. Det er vel unødvendig å presisere at musikaren sympatiserer med venstresida, ikkje ytre høgre fløy, som Giorgia Meloni truleg skal representere som landets første kvinnelege statsminister.
Ray Charles (1930–2004), som hadde stor suksess med «Georgia On My Mind» frå 1960, er den store inspirasjonskjelda til den italienske pianisten som no legg låten i arkivet. Eg har undra meg over at han framleis framfører mange av songane til soul-, gospel- og rhythm and blues-artisten som vart kalla Genius.Ikkje på grunn av musikken, eg har sjølv Ray Charles både på vinyl, CD og spelelister, men på grunn av at ein del av låtane har tekstar med eit utdatert kvinnesyn, 60–70 år gamle som dei er.
Laurdag høyrde eg som vanleg på Bluesasylet på NRK P2, og der kom ein versjon av Ray Charles-låten «I Got a Woman» med Snooks Eaglin, blind han òg. Ja, låten er fengjande, han, men teksten syng på siste verset:
I got a woman, way over town
That’s good to me, oh yeah
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.