Då mor baka kaker, fekk eg skrapa restane av røra ut or bollen med sleikjepotten. Dette var det aller beste eg visste då eg var lita. Eg bad mor om å ikkje skrapa ut alt ho klarte, men leiva litt i botnen, og eg fantaserte om at ho ein gong skulle blanda ei røra utan å steikja det til kake, slik at eg kunne få eta heile.
Eg kan ikkje hugsa den fyrste gongen eg vart introdusert for dette, å sleikja i meg kakerørerestar, men eg hugsar eg tenkte at når eg vert vaksen, skal eg ikkje avsløra denne løyndomen for borna mine. Aldri skal eg visa dei at det går an å sleikja ein bolle nesten rein etter kakebaking. Dette skal vera noko eg gjer sjølv, når ingen andre er der.
Det er noko intimt med forholdet mellom ei tunge og ein sleikjepott. Ein driv ikkje med slikt medan andre ser på, iallfall ikkje etter ein har bikka den seksuelle lågalderen. Små born har ikkje hemningar og kan finna på nesten kva som helst i andre sitt påsyn.
Då eg sat der som barn med bollen i fanget og sleikte i meg det som var att etter blandinga av eggedosis, mjølk og alt det tørre, var dette noko eg trudde berre eg gjorde. At det sat andre born heilt andre stadar og skrapa ut av bakebollar med eigne sleikjepottar, var fjernt frå tankane mine.
Men det må det ha gjort. Ein eller annan stad i verda, truleg i Amerika, har det sete eit barn med litt sterkare gründerånd enn eg og ete rå kakedeig og tenkt: Dette treng eg aldri å slutta med, og eg skal fortelja verda at dei treng ikkje vera flaue over å lika kakedeig heller.
For her står eg over fryseboksen i ein mellomstor daglegvarebutikk på Vestlandet og ser at dei har fire ulike variantar av is med cookie dough. Klumpar med usteikt deig putta inn i vaniljeisen. Noko så infantilt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.