JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Julestrid

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1917
20231103
1917
20231103

Det stundar mot jul.

Vel, nei, det gjer eigentleg ikkje det heilt enno. Men det er lett å la seg lure i desse tider.

Sidan tidleg i oktober har daglegvarebutikkane vore fulle av påminningar om den kommande høgtida, med julemarsipan og julebrus, julesylte og julepølser. For ikkje å snakke om såkalla «kakemenn», nokre bleike, dvaske figurar som eg grøssar ved tanken på å skulle setje tennene i.

Ikkje misforstå. Eg er svært glad i jula, ikkje minst den kulinariske delen av julefeiringa. Men taiminga må stemme. Ikkje for tidleg, ikkje for seint. Det skal vere akkurat tidsnok til at ein rekk å områ seg, men ikkje går lei mot slutten. Det er dette handelsstanden ikkje har skjønt.

Dottera mi og eg har alltid funne saman i felles moralsk forarging over det kommersielle køyret i månadene før jul. Særleg hissar vi oss opp over den påtrengjande premature framvisinga av marsipanstenger og marsipangriser. Vi har inngått ei pakt med éin klar, ufråvikeleg regel: aldri julemarsipan før 1. desember.

Vi kan ikkje nekte for at vi kastar lengselsfulle blikk mot dei raude posane med freistande griser når vi står i kø til kassa, og kjenner eit svakt sug i magen ved tanken på dei bleikgule kaloribombene. Men vi stålset oss og står imot, og det ville aldri falle oss inn å mistenkje den andre for å smugsmake på godsakene.

Når så adventstida endeleg tek til, er vi mentalt heilt klare og kan setje oss ned for å nyte den etterlengta julegrisen.

Og no har dette ritualet blitt ei dobbel glede. For det første har vi opparbeidd ein solid appetitt på marsipanfigurane (dei er jo eigentleg ikkje så gode: dei inneheld altfor mykje sukker, og mandlane er altfor finmalne). For det andre – og det er ikkje minst viktig – sit vi med ei kjensle av moralsk siger fordi vi har greidd å stå imot freistinga i to lange månader.

Eigentleg burde vi takke handelsstanden som gir oss denne sjansen til å vise karakterstyrke.

OBO

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis