Di eldre eg er, di meir fengslande finn eg Neil Young-songen «A Man Needs a Maid» på Harvest-plata frå 1972. De veit, den der London Symphony Orchestra får gå bananas med paukar og basunar i arrangementet til Jack Nitzsche: «Maiiiid, maiiiid, a man needs a maid! Baw! Baw! Baw!» og så bortetter.
Ikkje berre éin mann, men to menn trong taus, viste det seg, og dessmeir den same tausa! Ho heitte Carrie Snodgress, Neil hadde sett henne i hovudrolla i komedien Diary of a Mad Housewife og forelska seg – «she was playing a part that I could understand».
Slikt kan henda dei beste og fleste av oss, men Neil Young gjorde som kjent noko med det, han elga seg inn på Snodgress. Kva ho fekk ut av samlivet, med Young fyrst og sidan med nemnde Nietzsche, arrangøren, er elles ei anna og mørkare soge.
«A Man Needs a Maid» er kort sagt kritisert for å vera ein kvinnediskriminerande song, som rimeleg kan vera, men om det er på grunn av eller trass i dette at han rører meg no, skal ikkje vera sagt.
Poenget her er berre at eg i helga høyrde Astrid S syngja nett denne songen i opptak på NRK, og at hennar framføring rørte meg endå meir. Tausa sjølv tok liksom ordet, Astrid S tok orda til Young og forma songen og jamringa hans (førekjem det meg no) i sitt bilete.
Eit anna bilete gjev ein heilt annan song, tenkte eg, mediet er bodskapen, men meir rakk eg ikkje å grubla før neste nummer i kavalkaden på NRK kom og feia all tvil til side: Ein for meg ukjend, ung og gravalvorsam nordmann stod rett opp og ned og kviskresong Dolly Partons «Jolene».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.