JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Jålegeit

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1803
20230127
1803
20230127

For nokre år sidan sat eg i eit flysete og glana på dei andre passasjerane som kom om bord og fann plassane sine. Eg la merke til eit par som skilde seg ut. Dei såg ut som om dei var tekne rett ut av ein motekatalog: høge, slanke, biletskjønne (for eit ord!), velkledde, med blankpussa skor, lêrvesker, diskré sminke og alle hårstrå liggjande på rett plass.

Truleg gjekk dei i dyre merkeklede, men det var ikkje berre kleda som skapte folket, det var noko meir. Stil? Klasse? Rikdom? Det måtte iallfall koste både tid, krefter og pengar.

Ser dei slik ut heime òg? Får dei aldri flekker på kleda? Har dei ingen nuppete genserar?

Elegansen varte gjennom ei lang reise. At dei kunne ha noko slikt som perspirasjon og flatulens i bagasjen, var uråd å tenkje seg.

Eg kjende meg som ein potetsekk der eg sat, med rukkete frakk, inntørka søylesprut på støvlettane og håret i alle retningar.

Det hender eg prøver å kome meg ut av kvardagskleda, å gå i noko anna enn den svarte kamuflasjen. Dei gongene eg har prøvt å kle meg spenstigare eller meir fargerikt, har følgjande spørsmål raskt dotte ned i hovudet på meg: Ser eg ut som om eg trur eg er noko no? Kan nokon meine at eg har kledd meg ut? Er eg overpynta eller til og med jålete?

Går eg til ordbøkene, er det ikkje mykje trøyst å få. Synonymordboka set verkeleg klesskapet på plass: jålete unaturleg, uekte, krampaktig, innbilsk, geitete med mange fleire.

Geitete? Slår eg det opp, kjem følgjande ord for dagen: jålete, tilgjord, narrevoren. Narrevoren? Som ein narr, toskete, forklarer Nynorskordboka.

Altså ser det ut til å vere kort veg mellom det å pynte seg og det å vere forfengeleg – ja, til og med toskete.

Eg trøystar meg med orda Knut Hamsun skreiv til sonen Tore: «Klær skaper folk – ja, men klær skaper ikke mennesker.»

Tiriltunga

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis