Investeringsråd
Ideen bak passiv investering, såkalla indeksforvalting, er ein idé eg har omfamna med fynd og klem. I Dag og Tid har vi ei relativt god pensjonsavtale, det som vert kalla innskotspensjon. 7 prosent av inntekta vår vert kvart år sett av til pensjon.
Om du er særs ivrig, kan du til og med forvalta desse pengane sjølv. Eg har sett alt inn i eit globalt indeksfond. For 0,3 prosent av det som står på pensjonskontoen og som Dag og Tid betaler, er eg eksponert for nesten alle dei store selskapa på verdas børsar.
Det vert kan henda litt feil å seia «alle» dei store selskapa. Slike indeksfond held seg for det meste nokså langt unna selskap i Kina og sjølvsagt Russland. Men i alle høve er børsane i New York så store at dei representerer over 60 prosent av verdas børsnoterte selskap.
Indeksfond er det som vert kalla «visdomen til flokken». Når mange nok meiner at selskap har den og den verdien, er det meir klokt enn det einskilde personar som går mot flokken, meiner. No har eg kome i tvil om flokken har rett. Verkeleg.
Kva er til dømes det fjerde største selskapet mellom dei selskapa indeksfondet mitt har investert i? Det er Tesla, som er verdt meir enn alle dei store vestlege oljeselskapa til saman. Då kan vi læra oss eit omgrep som heiter price-earning ratio som vert forkorta til P/E mellom finansfolk. Det fortel oss kor mykje aksjen kostar i høve til fortenesta. Vel enkelt, har aksjen ein P/E på 10, er prisen på aksjen ti gonger så høg som det årlege overskotet.
Equinor, med den prisen som er på gass og olje no, har ein P/E på 5,2, om dei får det overskotet dei ligg an til å få i 2022. Om vi tek utgangspunkt i 2021, er P/E-en på 9,5. Equinor og dei andre vestlege oljeselskap trykker pengar.
Kva P/E har Tesla? 93,79. Apple, som er verdas mest verdifulle selskap, har ein P/E på 23,9, og verst av alt, Twitter ligg på 132. Alle desse selskapa er eg tungt inne i.
Men indeksfondet mitt har ikkje ein einaste aksje i amerikanske oljeselskap, og ingen i Equinor, av di dei er «klimauvenlege». Eg skal selja meg ut av det indeksfondet. Flokken er idiotar.
JH
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.