JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Identitet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2059
20230929
2059
20230929

Så sat eg der, på Grønland politistasjon, saman med ein del andre, ikkje altfor mange, men mange nok til at eg ikkje vart kalla inn på minuttet sjølv om eg hadde time. Eg hadde trekt kølapp, men køsystemet dei opererer med, er ikkje lett å bli klok på. Ingen av nummera som kom opp, hadde noko med kvarandre å gjere, iallfall ikkje i stigande rekkjefølgje. Dermed var det ikkje råd å gå på do eller trekkje frisk luft, iallfall ikkje for pliktoppfyllande personar med respekt for autoritetar.

Vi var fleire som først sat litt for langt unna nummer­oversynet. Etter kvart som andre fekk bingo og gjekk til rett luke, rykte vi litt nærare skjermen. Til og med babyar så nyfødde at dei knapt hadde fått auge, låg i kø til foreldra var så heldige å gå til ei luke og be om barnepass.

Då nummeret mitt endeleg lyste grønt øvst på skjermen, vart eg noko forkava, men kom meg bort til luke 8, litt for blid. Bak pleksiglasruta som hadde ei smal vertikal luke som lyden skulle gå gjennom, sat ei myndig kvinne. Og du har søkt om ID-kort, sa ho og bad om å få sjå passet mitt.

Eg sleit med å høyre kva ho sa, og svarte: «Det var iallfall det før» litt for høgt. Eg trudde ho spurde om hårfargen, men det må ha vore auga, for etterpå spurde ho om den «originale hårfargen» min. Ho ville vite kor høg eg er, og eg svarte det som alltid har stått i passet mitt, sjølv om noko av høgda nok har sige ned og utlikna midja.

Då ho skulle ta bilete, følgde eg alle instruksjonar som teiknefilmen på skjermen hadde vist meg igjen og igjen medan eg venta: briller må av, hår skal bak øyra og glis tørkast vekk. Etter det første blitslyset var ho ikkje nøgd. Ho lurte på om opptak nummer to såg greitt ut. Det gjorde det ikkje, men eg visste at eg kom til å sjå skrekkslegen ut same kva.

Då ho ville skanne peikefingrane mine, gjekk det heller ikkje bra i første omgang. Ho lurte på om eg var kald på fingrane. Nei då, sa eg og forklarte at eg aldri viser fingeren når eg kjøper øl i sjølvhjelpskasser. Då drog ho på smilebandet. Eg drog med svekt identitet.

Tiriltunga

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis