– Du må ikkje finne på det. Du kjem til å sjå ti år eldre ut!
Kommentaren kom då eg lanserte ideen om å slutte å farge håret, berre la det bli gråare og gråare, slik som resten av kroppen må følgje aldringsprosessen dag for dag. Det er ei kjensgjerning at auga tårar, at kjakane sig, og at halsen er i ferd med å snurpe seg saman til ein parodi på ein kalkun.
Ho som sa at eg ikkje må finne på å bli grå, fekk meg til å tenkje på debatten som har rulla og gått i haust, om marknadsverdien til middelaldrande kvinner.
Slår eg opp ordet grå i ordboka, er ikkje definisjonen lystig lesnad: grå som oske, få avskil på grått papir. Er ein gråhåra, er ein gusten og sliten å sjå til. Å vere grå er å vere lite spanande, fargelaus, trist og einsformig. Det skulle dei ha fått med seg, alle dei som har måla huset grått her i landet.
Men korleis ser vi på kvinner som har fått grått hår ved tinningen, eller som har for mykje grå ettervekst etter å ha droppa hårfarginga? I det første pandemiåret stod kvinne etter kvinne, til og med justisministeren, fram med ettervekst i ein slags solidaritet med frisørane som måtte stengje salongane. Men er det like greitt no?
Det kjem som vanleg an på auga som ser. Mange ser ei eldre kvinne, somme ser ei ustelt kvinne, andre ser ei fattig kvinne, sjølv om eit vakkert andlet ikkje vert øydelagt av ein grå lugg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.