Gjengjeld
«En bekjent inviterer aldri tilbake, men bruker masse penger på frisør og annen personlig pleie», skriv ein lesar i spalta «Skikk og bruk» i Aftenposten. Det er ei utfordring å ha gjerrige vener, svarer etikkeksperten.
Ja, det kan vere krevjande å vere sunnmøring, men er det no så sikkert at «den gjerrige» er gjerrig? Det finst gode grunnar til ikkje å invitere nokon heim til seg. Til dømes om «den gjerrige» bur på lat oss seie 23 kvadratmeter. Då er truleg kjøleskapet lite, benkeplassen minimal og oppvaskmaskin ein ønskedraum.
Ikkje alle likar å lage mat. Enkelte drøymer om å ta ei pille og vere mett resten av dagen. Då slepp ein både innkjøp og oppvask. Må ein likevel servere eit måltid, finst det råd: Opn ein boks med tomatbønner og set han i ei gryte med vatn. Kok opp vatnet og ta hermetikkboksen ut av gryta når innhaldet er varmt. Et bønnene rett frå boksen. Oppvask: éin gaffel. Etter eit festmåltid kan ein då sitje att med til dømes fire skitne gaflar. Gjestene drikk naturlegvis rett frå flaska. Men om dette er å gjere gjengjeld, kan diskuterast.
Dersom «den gjerrige» bur romsleg og fint, med både hummargaflar og whiskyglas, kan han likevel vere skeptisk til å ha middagsselskap. No til dags må ein ta omsyn til gluten-, laktose- og hasselnøttintoleranse, gjester som er kjenslevare for lauk eller ikkje toler skaldyr, for ikkje å snakke om veganarar og vegetarianarar. Men det mange gløymer å opplyse om, er at dei ikkje toler alkohol. Enkelte par må visst berre krangle etter nokre einingar. Andre er så stolte av eigen familie at det halve kunne vore nok. Eit tips er å leggje ned forbod mot å snakke om barneborn. Ein annan openberr risiko er at middagsgjestene ikkje takkar for seg tidleg nok. Dei burde lære av klokka: Ho har vit til å gå, ho, som han sa ein kar heime.
Til saka: Er det slik at den som aldri inviterer tilbake, bør takke nei til middagsinvitasjonar? Tja, fordelane er iallfall mange. Dessutan kan ein gå til frisøren med godt samvit.
Tiriltunga
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.