JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Gen Z

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1876
20240426
1876
20240426

Etter at dei tok førarkortet frå han, var det meir enn noko anna denne tanken som gnog: Kva om ungdomen, nattetid utan buss og bane, på ei eller anna vis hamna i trøbbel og måtte hentast heim eller køyrast til legevakta? Dei budde då trass alt i hovudstaden også for gjengkriminalitet og festdop, der sjølv ordentlege og oppegåande menneske kunne risikera å hamna i krysseld eller dårleg selskap?!

Hans eige transportbehov kunne stort sett ordnast per sykkel, men andsynes eit scenario med forgifta og blødande passasjerar kjende han avmakt og dimed skam for det forbanna førarkortet.

Heile året han var utan sertifikat, kom til all lukke ingen telefon frå unge menneske i naud som trong berging nattetid.

Etter at han omsider hadde fått ta lappen igjen, var han stort sett alltid klar, og ei mørk vinternatt ringde faktisk telefonen – frå Carl Berners plass i Oslo:

– Pappa, kan du henta oss? Kurt kjenner seg ikkje bra...

Sjølvsagt!, sa han. Er der om ti minutt!

Han fekk med seg huslegen, dvs. mora til ungdomen, gav gass mot Sinsenkrysset og lét det stå til ned Trondheimsvegen. Og der, i den firkanta rundkøyringa i botnen av bakken, sat pasientane.

– Slapp av, sa mannen, no er me her. Kva har de drukke?

– Drukke? Te, og cola.

– Ja vel, nei, og kva har de røykt?

– Røykt? Æsj...

– Kva har de gjort?

– Me har vitja Katinka. Og på veg heim kjende Kurt seg svimmel. Difor ringde me.

Heime fann huslegen at alt ved pupillar, puls og blodtrykk var normalt for frisk ungdom. Pasienten fekk profylaktisk eit glas vatn mot dehydrering. Han kjende seg alt betre.

Neste dag kom Kurt innom med ein ny hypotese for svimlinga si:

– Eg trur kanskje at eg brukar litt for svake briller.

Sjå det, då skal dei fattige ha takk, tenkte mannen med førarkortet og Landcruiseren. Ungdomen er nok redningslaust tapt for han. Men i eldrebølgja er det von. Bank i bordet. Kom inn!

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis