Når me går inn i ei tid då gåver står sentralt – litt for sentralt, meiner somme – vil eg fortelja om den beste gåva eg nokon gong har fått.
Men fyrst eit lite definisjonsspørsmål: Kva er ei gåve?
Ifylgje Store norske leksikon har ei gåve tre former for bindingar: å gje, å ta imot og å gje ei gåve i retur.
Det same skriv sosiologen Marcel Mauss i langessayet Gaven: Utvekslingens form og årsak i arkaiske samfunn frå 1925. Ei gåve er eit teikn på at nokon vil ha ein slags relasjon til deg, og gåva skal gjengjeldast. Det vert fort ein vond sirkel. Gjev du ikkje noko att, kan det tolkast som eit brot i forholdet til gjevaren.
Dei siste åra har det vikla seg eit nytt element inn her, og det gjeld spesielt for julegåvene. For etter at gåva er motteken, må mottakaren og gåva figurera saman på eit foto. Dette skal sendast til gjevaren, og helst alt på julekvelden. Difor er det ikkje berre sønene mine, men også eg sjølv som har byrja å mislika mjuke gåver. Å pressa på dei nye trøyer og jakker og skrika «SMIL!» så trugande eg berre kan, er ikkje særleg julekveldsstemningsskapande.
Sjå føre deg dagens juleevangelium. Kasper, Melkior og Baltasar kjem med gåvene, stikk att, og berre ventar på å få bilete av Jesus saman med gullet, myrraen og røykjelsen i retur.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.