JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Friidretts-VM

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1912
20230901
1912
20230901

I Budapest treffer ein alle slags folk, ikkje minst når det er VM i friidrett. Først har eg ein god ven som stadig fleire kan namnet på. Det var stort å stå ved oppløpet og sjå Narve (Gilje Nordås) springe inn til bronse på 1500 meter. Den største idrettsmeritten hans hittil. Dagen før åt me nasjonalretten gulasj og prata om springing, quiz, kristen tru og andre fellesnemnarar. Dessutan hadde Narve fått dobbelt opp med landslagsklede, så no spring eg òg med norsk flagg på brystet. Han les Dag og Tid mellom slaga, det var slik me vart kjende.

På hotellet til Narve såg eg ein eldre mann med VM-akkrediteringskort rundt halsen. Eg tok sjansen på at den rustne spansken min ville halde. Cubanaren, som for ordens skuld heitte Fidel, hadde vore med som lækjar i 40 år. Eg foreslo den eine store utøvaren etter den andre – Alberto Juantorena, Javier Sotomayor, Iván Pedroso. Jammen hadde han vore médico for heile hurven! Eg sat der mållaus, kjende Cubas idrettshistorie passere revy.

På det nasjonale friidrettsstadionet kunne ein sitje, men òg rusle rundt og finne ståplassar med betre utsikt. Då gjekk plutseleg Rune Tribune forbi. Han med «vikinghjelm» og trompet som mange har sett i TV-ruta. Hei, Rune!

Etterpå stod eg ved kvinnefinalen i stavsprang då ein kar dulta meg på skuldra. Han hadde sett flagget som stakk opp frå sekken min. Den unge serbaren imponerte på gebrokkent norsk: «Kjenner du Jakob?» Han vona at eg kunne få til eit møte med idolet hans på stadion. Det er vrient å trylle, uansett om medaljøren heiter Karsten (gull), Jakob (gull og sølv) eller Narve (bronse). Til saman utgjer dei den største norske medaljefangsten i eit friidretts-VM nokon gong.

Men Mondotrack (løpebanedekket) fekk eg ikkje røre. Eg sneik meg ned etter konkurranseslutt, men funksjonæren såg bryskt på meg. Han kunne ikkje engelsk, men peikinga og ordvalet var ikkje til å misforstå:

Finito!

Rusten

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis