Hjartet gjorde eit hopp av glede her om dagen då eg høyrde ein ung mann bruke nemninga «fellesfaktoren» om noko som var sams for ei gruppe menneske. Dei fleste seier «minste felles multiplum», som er det stikk motsette av det dei meiner.
Ja, dette er ein kjepphest. Eg har ein del av dei, og flokken blir stadig større.
Minste felles multiplum er det lågaste talet som ei gruppe tal går opp i; det er eit høgt tal. Minste felles multiplum for tala 2, 3 og 4 er 12. Største felles faktor er det høgaste talet ei gruppe tal kan delast med; det er eit lågt tal. Største felles faktor for tala 2, 3 og 4 er 1.
Eg har prøvd å forklare dette for mange, men då blir dei flakkande i blikket og skiftar samtaleemne ved første høve. Det er tydeleg at dyskalkuli – manglande talforståing – grip om seg i samfunnet.
No viste det seg at den unge kunnige mannen var matematikklærar, så eigentleg hadde det vore rart om han bomma her.
Men med fornya tru på matematikkunnskapane blant folk har eg i det siste testa ut ein del taluttrykk på omgivnadene. (Vel, det er meir snakk om idiomatiske enn matematiske formlar, må eg vedgå.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.